Historikk

Monumenta på Tingvatn er antakelig frå dei fyrste hundreåra av vår tidsrekning, men det er ingenting i vegen for at delar av feltet kan gå heilt attende til bronsealderen. Men i folketradisjonen er Tingvatn akkurat det som namnet seier at det er: ein tingstad frå riktig gamle dagar, frå den gang bøndene sjølv dømde på tinget.

Mange stader, både i Noreg og Sverige, kallast runde steinsettingar for ”dommarringar”. Det er sterk og levande tradisjon for at slike monument har vore nytta i rettslege samanhengar.

På Tingvatn får tradisjonen støtte av dei skriftlige kjeldene. I middelalderen var nemleg Tingvatn midtpunktet i Vats tinghå. Vats eller Vatne var det gamle namnet på Tingvatn. Garden her var gjennom fleire hundre år det rettslege sentrum i eit innlandsdistrikt som forutan Hægebostad og Eiken, omfatta Bjelland og Grindheim.

Les mer om det historiske Hægebostad:

Det historiske Hægebostad

Se film om Tingvatn