Telefonen på radarstasjonen

Under den kalde krigen vart det bygd ein radarstasjon knytta til Møvik kystfort i Kristiansand. På anlegget var det ein telefon laga av det norske firmaet A/S Elektrisk Bureau. Det var ein moderne telefon på eit moderne anlegg i 1953, og dette er dens historie.

Av Øivind Rogstad

Den kalde krigen var ein konflikt som påverka heile verda, også lille Noreg. Alle venta at det når som helst kunne bryte ut atomkrig, dermed vart det bygd mange hemmelege anlegg i Noreg. Eit av desse var radarstasjonen på Sandviktoppen ovanfor Møvik kystfort. Her skulle 12. K- og V-skvadronen overvåke flytrafikken. På dette anlegget var det i 1953 ein telefon laga av det norske firmaet A/S Elektrisk Bureau.

Elektrisk Bureau (EB) er det eldste telefonfirmaet i Noreg. Det vart danna i 1882 i Kristiania (Oslo) ved hjelp ifrå Telefonaktiebolaget Lars Magnus Ericsson (L.M. Ericsson/LME). Dette var berre seks år etter at Alexander Graham Bell laga den fyrste brukbare telefonen i 1876. Dei laga då telefonar for blant anna televerket og forsvaret. I 1928 tok LME over 40 % av aksjane til EB. Dette førte til at EB kunne ta nytte av LME sin teknologi. Og i 1932 designa konstruksjonssjef i EB, Johan Christian Bjerknes, verdas fyrste gaffellause telefon. Den vart laga i bakelitt, som gjorde den nye fasongen mogleg. Sjølv om det var ei norsk oppfinning, markedsførte LME  telefonen som “the Swedish model”.

Seinare skulle selskapet gjenreisast etter fem år med krig, og då satt Bjerknes igjen ved teiknebordet. Svaret var då å lage verdas fyrste telefon i termoplast, det vil seie at plasten vart formbar kvar gong han vart varma opp. Og for fyrste gong erstatta ein “elektromagnetisk høretelefon” med ein “elektrodynamisk høretelefon”, som gav telefonen betre lydkvalitet. Det var i tillegg ein kombinert bord- og veggtelefon, og sidan han ikkje har nummerskive, så trengde ein ikkje å byggje han om viss ein ville flytte han. Telefonen vart laga for eit lokalbatterisystem og tilknytta eit manuelt sentralbord.


Telefonen med hodemikrotelefon slik den hang i radarstasjonen. Foto: Arve Lindvig

Den 9. april 1940 kom som kjent andre verdskrig til Noreg, og med okkupasjonen byrja bygginga av ei rekke kystfort som skulle utgjere “Festung Norwegen”. Møvik kystfort var eit av dei, og bygginga starta våren 1941. Tre av kanonane stod ferdige i løpet av 1942. Det var 1400 danskar, tyskarar og nordmenn som deltok i bygginga, i tillegg til 200 sovjetiske krigsfangar. Dette anlegget, saman med Hanstholm i Danmark, skulle kunne treffe alle mål i Skagerrak og dermed sikre havområdet.

Endeleg i 1945 kom freden, og 5. oktober 1946 vart Møvik fort ein del av Kystartilleribrigade sør. Deretter i 1953 vart det ein del av Kristiansand festning, og samme år vart ein radarstasjon ferdig oppe på Sandviktoppen, som ligger ovanfor Møvik fort. Radarstasjonen var atomsikker og var ein del av Luftkommando Vestlandet, og det var Major A. Henriksen sin 12. K og V-skvadron som var stasjonert på anlegget. Det tydar «12. Kontroll og Varsling-skvadron», og dei hadde då ansvaret med å overvåke og rapportere flytrafikken. Dette var ein del av Noreg sine anlegg under den kalde krigen, og dermed hemmeleg og sikra med piggtrådgjerde rundt anlegget.


Kart over øvre leiren som var ein del av Luftforsvaret sin stasjon på Møvik, Bygget som er merka med 1031 er Radarstasjonen. Kjelde: Statsarkivet/Sørlandet sjøforsvarsdistrikt.

Radarstasjonen var då ein del av Luftforsvarets stasjon på Møvik, som var delt inn i “øvre” og “nedre” leir. Nedre leir var bygningar utlånt av kystartilleriet til luftforsvaret. Radarstasjonen var ein del av den øvre leiren og var luftforsvarets område. Det var “fortifikatorisk inngjerdet med kontinuerlig vakt ved inngangen”.

Luftforsvarets stasjon sto då under Kristiansand festning, men svarte til Luftkommando Vestlandet på Sola flyplass. I 1959 vart Møvik fort lagd ned, mens radarstasjonen var operativ fram til 1965. I 1962, under Cuba-krisen, tok også offiserane med seg familiane sine inn i det atomsikre anlegget, i frykt for at ein atomkrig mellom Sovjetunionen og USA skulle bryte ut. Det hendte heldigvis ikkje, og anlegget vart overført til Sivilforsvaret i 1965.


Teikning av Radarstasjonen der telefonen sto ifrå 1957, det eine rommet er merka med “telefon”. Kjelde: Riksarkivet. Foto: Tormod Christiansen.

Tilbake igjen i 1953 vart telefonen plassert i radarstasjonen oppe på Sandviktoppen, som ein del av det topp moderne anlegget der. Der var han kopla opp til eit manuelt sentralbord og då nytta av luftforsvarspersonell. Telefonen er som nemnt ein kombinert bord- og veggtelefon, og malingsflekker på telefonen kan tyde på at han vart brukt som veggtelefon. Rundt 1957 kappa nokon av det gamle telefonrøyret og kopla på ein heilt ny “hodemikrotelefon” (headset) av merket LME. Ein slik “hodemikrotelefon” vart vanlegvis nytta av ein ekspeditør/sentralborddame ved sentralbordet. Vedkommande hadde då “hodemikrotelefonen” på hovudet og kunne jobbe med frie hender og snakke i telefonen samtidig. Den vart mest sannsynleg ikkje brukt av nokon ved eit sentralbord, sidan “hodemikrotelefonen” kan koplast inn i eit sentralbord direkte. Telefonen har då mest sannsynleg vert brukt av anna personell ved radarstasjonen, som måtte snakke i telefonen og arbeide samtidig.


Statusoperatørar som skriver speglvendt på ei plottetavle brukar L.M. Ericsson hodemikrotelefon, Luftforsvarsmuseet.

I 2018 fekk Vest-Agder-museet telefonen i gåve frå Forsvarshistorisk forening i Kristiansandsregionen.

Kjelder:

  • Ellefsen, Terje. Telefonen: telefonapparater i Norge 1880-2000, Oslo : Norsk telemuseum, 2000, Side 54 og 72
  • Elektrisk Bureau Oslo A/S, Glimt fra 100 års av norsk telehistorie, Oslo 1981
  • Skogaas, Peder (1982):Over alle grenser 1882-1982 Elektrisk Bureau – 100år i teleteknikkens tjeneste. Oslo, A/S Elektrisk Bureau, ISBN 82-990901-0-5
  • Sorknes, Arne E. 100 år med telefon i Kongsvinger – Solør, Norsk telefonmuseum 1996
  • Sørlandets sjøforsvarsdistrikt sitt arkiv, Statsarkivet Kristiansand

Artikkelforfatteren er bachelorstudent i historie ved Universitetet i Agder. Artikkelen er skrevet som en del av en treukers praksisperiode ved Vest-Agder-museet i mars 2018. Oppgaven var å ta utgangspunkt i en gjenstand i museets samling, og ved hjelp av ulike kilder og litteratur å skrive en artikkel for museets nettside.

Andre artikler av bachelorstudentene: