Konsert med AD DUNDAS

07. august kl 17:00-19:00 | Sjølingstad Uldvarefabrik

Sjølingstad Uldvarefabrik ønsker velkommen til konsert med vokaltrioen AD UNDAS i fabrikkelokalene våre.

AD UNDAS er ein a cappella vokaltrio som sidan 2013 har reist rundt og fylt både naust, bunkersar, kyrkjerom og bygdetun med sine sterke stemmer og fortryllande klangar. Gruppa har eit originalt konsept med eigenarrangerte låtar og gir både pop, rock, folketonar og viser eit tidlaust preg. Trioen består av Marte Fillan (Trondheim), Margrete Wilhelmsen (Mandal) og Sunniva Fossly (Hallingdal).
Instrumenta er sett igjen heime når dei no turnerer frå inst i Sogn til ytst på Sørlandskysten med «Austanfor sol og vestanfor måne», ein konsert bunden saman av små forteljingar inspirert av norsk folketru og segn. Alt i alt byr dei på ei magisk og litt annleis konsertoppleving som passar både store og små.

Margrete har vært forteller/guide på museumsfabrikken i flere år ved siden av musikkstudier. Det er veldig gøy at hun og resten av vokaltrioen har valgt å holde konsert nettopp her.

Billettar: 150 (vaksne) / 50 (barn)

Omvisning i fabrikken kl. 15