A cappella-konsert med AD UNDAS på Kristiansand kanonmuseum

08. august kl 19:00-20:00

Ta med eit sitteunderlag og kle deg for ei mektig og klangfull oppleving i kasematten på Kristiansand kanonmuseum lørdag 8. august 2026!

Kor går ein om ein skal til verdas ende? Kva slags veg går der kor sola skin og stjernene tindrar? Om vegen er målet, kva finn ein i enden? Finst det stiar av gull, eller er det berre luftspeglingar alt saman?

AD UNDAS tar oss med til ei eventyrleg verd i konserten “Stier av gull”. Her blir kjente og meir ukjente låtar bunde saman til ei større forteljing som alt i alt gir ei magisk og litt annleis konsertoppleving. Ta med eit sitteunderlag og kle deg for ei mektig og klangfull oppleving i kasematten på kanonmuseet!

Hvor: Kristiansand kanonmuseum, Møvik fort.
Når: August 8, 2026 – Lørdag kl. 19:00 – 20:00.

Billetter: Vaksne: 250 kr / barn: 100 kr. Betaling på Vipps.

AD UNDAS er ein a capella vokaltrio som sidan 2013 har reist rundt og fylt både naust, bunkrar, kyrkjerom og bygdetun med sine sterke stemmer og fortryllande klangar. Uttrykket deira har blitt skildra som «ur»: Gruppas originale konsept med eigenarrangerte låtar gir både pop, rock, folketonar og viser eit tidlaust preg.

Kasamatt på Kristiansand kanonmuseum
Kasamatten på Kristiansand kanonmuseum. Foto Steinar Furu.

AD UNDAS består av:

  • Marte Fillan (Trondheim/Oslo) har mellom anna sunge i KSS (Kvindelige Studenters Sangforening) i Oslo i ei årrekke. Koret har vunne store internasjonale prisar og samarbeidd med kjente artistar som Ellen Andrea Wang.
  • Margrete Wilhelmsen (Mandal/Kristiansand) har ein master i musikkvitskap, dirigerer Kristiansand Popkor og er låtskrivar og vokalist i bandet Gete.
  • Sunniva Fossly (Hallingdal/Drammen) er låtskrivar og vokalist med fleire prosjekt bak seg, har sunge i fleire vokalgrupper og kor.